Sunndal Nasjonalparksenter ønskjer godt nyttår!

Takk til dykk som har vore innom oss i 2011, og takk til dei 48 personane som talde nissane i Tron Arne si nisseutstilling!

Gunn Signe går gjennom svara, etter at Tron Arne og ho systematisk talde nissane/personane i utstillinga.
No er nissane trygt heime hos Tron Arne, etter at dei både vart fotograferte og talde i Sunndalsporten. Det rette svaret var 274.
Førstepremien gjekk til Anne Wognild Hagen, Gjøra, som kom fram til 273.
Delt andrepremie gjekk til Liv M. Halvorsen, Gjøra og Anne Torill Barstad, Gjøra, med svar på 276 stk.
Premiar vart delte ut før jul.
Det var oppslag i julenummeret av Driva 23. desember om nisseutstillinga.
26. januar 2012 kl 19.30 blir det ”Hyldbakkveld i ord og tonar” i Sunndalsporten, sjå eigen omtale.
Det blir servering av kaffe og vaflar frå kl 19.00.
Set gjerne av kvelden alt no.














