Sunndal Nasjonalparksenter har hatt eit brukbart år i 2010.

Besøkstala våre er på nivå med dei siste åra, med ein liten auke av fjellturistar i år.

 

 

Sidan Sunndal Nasjonalparksenter hadde auka tilskot og god dugnadshjelp under gjennomføringa av nasjonalparkdagane under Gjæra Gjøra i juli, i tillegg til auka besøk og omsetning, gjekk arrangementet med eit godt overskot. Dette er positivt både for å halde fram med arrangementet, og å vise til.

Gjæra Gjøra hadde eit samla besøk på ca 2000 i år, og for nasjonalparksenteret sin del kan vi notere oss kring 870 besøkande under dagane.


Takk til dykk som var med og gjorde dagane vellukka, både ved å hjelpe oss på ulike måtar og besøke oss!


Styret i Sunndal nasjonalparksenter vedtok på siste styremøte å planlegge for kjøkkken og servering i Sunndalsporten. Eit samarbeid med kjøkken-leverandør for planløysing og pris-setting er i gang.

Ved at det blir lagt til rette for servering i bygget, meiner vi at både nytte- og trivselsverdien blir auka.


Vi held også på å planlegge sjølve utstillinga i Nasjonalparksenteret.

Er det nokon som har tips og gode tankar kring utstilling eller kjøkken, kontakt oss gjerne.

Vi er alle interesserte i at Sunndalsporten skal bli eit bygg som både Gjøra og områda kring kan vere stolte av.


Takk for godt samarbeid og god hjelp i 2010!

Godt nyttår 2011!


Beste helsing

Styret i Sunndal Nasjonalparksenter

Gunn Signe Aarnes

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Mobil: 905 66 408