Boka ”Barske folk og fjell” er blant anna til sals i bokhandlane på Sunndalsøra og Oppdal, og på Gjøra Handel.

Pris kr 349,-

Mange hadde møtt fram.

 

 Forfattarane signerte bøker heile kvelden!

 Gjøra bygdekvinnelag leverer alltid god mat.

 Folk kom frå heile dalføret

 Sunndal trekkspiillklubb fekk det til å rykkje i dansefoten.

 Orientering om ras og rassikring i Sunndal kommune, ved ordførar Stårle Refstie. 

 

Salen i Musgjerd grendahus var fullsatt på temakvelden som var arrangert av Sunndal Nasjonalparksenter og Sunndal kommune 2. desember.

Det er tydeleg at ras er eit tema som fengar mange. Folk følgde interessert med både under presentasjonen av boka til Tommy Fossum og Petter Erik Innvik, og under orienteringa til Sunndal kommune ved ordførar Ståle Refstie. 

Forfattarane signerte bøker heile kvelden, og Sunndal trekkspillklubb og Gjøra bygdekvinnelag fylte sjel og kropp med tonar og mat.

Loddsalet gjekk også godt!

 

Takk til dei som gjorde sitt til at dette vart ein fin kveld for alle som møtte fram!

 

Forfattarane vil gjerne ha tilbakemelding på opplysningar som ikkje er korrekte i boka, slik at dette kan rettast opp. Målet er å få til så god og korrekt dokumentasjon på dette temaet som råd er.