Fin dag på skøytebanen søndag.
Foto: Gunn Signe Aarnes
Søndag 15. januar var nok ein fin dag for dei frammøtte på skøytebanen på Gjøra. Dei fleste av dei som var der var frå andre delar av kommunen, og det er positivt at så mange ”utabygds” møter opp.

Kvar søndag i januar og februar blir det arrangert skøytedag med open kiosk på Gjøra. Så velkommen til ei felles stund ute i frisk luft.
Skøyteanlegget har døgnopent skøyterom med gratis utlån av skøyter i alle størrelsar. Driva IL har også en del ishockeyutstyr som køller, puckar og nokre hjelmar. Toalett og varmestue er også opent 24 timar i døgnet gjennom heile sesongen.
Flombelysninga er sjølvbetjent slik at dei som vil kan bruke anlegget på ettermiddag og kveld.

















